NB: Nytt medlemsregister

15.01.2010 - Kirsten Ragnhild Grimstad

Det gamle medlemsregisteret skal ikkje lenger brukast, og du treng derfor ikkje verte engsteleg om du ikkje får logga deg på.


Det gamle medlemsregisteret skal ikkje lenger brukast, og du treng derfor ikkje verte engsteleg om du ikkje får logga deg på.

Vi har ved fleire høve informert om at eit nytt medlemsregister for FriBU er på veg og at dette skal brukast ved registrering av lag og medlemmar for 2009. Fleire henvendingar tyder på at informasjonen vår ikkje når ut til alle og vi legg derfor ut ei ekstramelding om dette no.

Vi er inne i sluttfasa i førebuing av det nye registeret og vil gjere den siste finpussen i veke 3.
Alle kyrkjelydar vil verte kontakta i januar, etter veke 3, og vil få informasjon og rettleiing om det nye registeret. Før dette vil vi be alle lokallagsleiarar om å oppbevare informasjon om medlemmar og lag for 2009 skriftleg, slik at denne informasjonen enkelt kan førast inn når de får tilgang på registeret. Historikken frå det gamle registeret følgjer med den nye, slik at ein framleis kan søke opp medlemmar.

Det vil ikkje lenger vere mogleg å levere inn årsrapportane pr papir.

Informasjon som må vere med i registreringa (sjekk at denne er klar no):

Medlemmar:
- Fullt namn
- Adresse (gate og postnummer)
- Fødselsår
- Informasjon om kontingentbetaling: dato og beløp (NB: minimum 50,- for å vere teljande medlem)

Lag:
- Namn
- namn, fødselsår og adresse på alle leiarar
OM LAGET HAR STYRE:
- dato for val av styre
- namn på alle styremedlemmar

NB: hugs å skilje mellom styremedlemmar og leiarar!!
Lag og medlemmar med ufullstendig informasjon vil ikkje verte rekna om teljande.

Då er det berre å vente på telefon frå FriBU! Om de har ei meining om kven som burde motta denne telefonen, gi oss beskjed!

Johanna Engamo Kleveland
jek@fribu.no


Kirsten Ragnhild
krg@fribu.no

Fribu#