FAQ

Har du problem med innlogging?

1. Brukarnamn: Ta kontakt med Eli Taunton: edt@fribu.no dersom du har gløymt brukarnamnet ditt. Brukarnamn vert automatisk laga av systemet. Dette er (viss du ikkje har endra det sjølv) fornamn.etternamn. Mellomnamn er som oftast utelatt, men i enkelte tilfeller er det tatt med. Eksempel: Namn Hans Petter Hansen, Brukarnamn: hans.hansen (eller hans.petter.hansen).

 2. Passord: Dette har du oppretta sjølv. Om du har gløymt passord, gå til innloggingssida (http://fribu.mylabora.com/), skriv inn brukarnamn og trykk på "glemt passord". Du vil då få tilsendt nytt passord til den e-postadressa vi har registrert på deg i systemet.

 3. Om du ikkje får opp innloggingssida må du oppdaterer Silverlight (http://www.silverlight.net/getstarted/)

Har du problem med registreringa?

1. Internett Explorer fungerar betre enn Firefox. Det kan vere ei løysing å bytte til denne.

2. For å registrere informasjon og levere årsrapport MÅ du bruke Mylabora, IKKJE Medarbeideren.

3. Viss du ikkje får opp informasjon på sida, kan det vere at du har logga deg inn FØR vi har gitt det den administrative tilgangen til Mylabora. Registreringa av hovudleiarar har fleire ledd: Du får invitasjon, Du svarer på denne ved å opprette brukarnamn og passord, VI får beskjed om at du har takka ja til invitasjonen, VI må gi deg administrativ tilgang, DU kan no logge deg inn.

Vi har ikkje samla inn medlemskontingent frå medlemmane våra. Skal vi likevel levere årsrapport?

Ja! Medlemmane de har i dykkar lokallag vert framleis rekna som medlemmar av FriBU sjølv om dei ikkje er støtteberettiga. Medlemslistene må derfor oppdaterast og årsrapport for lokallaget må sendast inn.

Lokallaget vårt vart lagt ned i løpet av 2011. Er det noko vits i at vi registrerar dei som var med på våren i 2011?

Ja! Vi reknar medlemmar i kvart kalenderår - ikkje skuleår. Dei som har vore aktive medlemmar i 2011 skal derfor registrerast som medlemmar og laget skal levere årsrapport. Lag som vart lagt ned i løpet 2011 vil likevel ikkje få utbetalt noko støtte i 2012.

Skal søndagsskulen min registrere seg?

Ja! Mange søndagsskular vert forvirra fordi dei vert kontakta av Søndagsskuleforbundet med beskjed om å levere inn medlemslister der. Det treng du ikkje gjere! Søndagsskulane skal berre registrere seg hjå oss. Vi har kontakt med Søndagsskuleforbundet i etterkant og oppgir tal på våre søndagsskular.

Skal speidargruppa mi registrere seg?

Nei! Alle speidergrupper skal levere sine lister til NSF. Desse får vi tilsendt frå NSF i etterkant.

Må vi ha vedtekter for lokallaget vårt?

Ja! Meir informasjon om det å vere lokallag i FriBU og forslag til vedteker finn du i FriBUs ABC.