SHOW IT i Bryne Frikyrkje

I Februar 2011 gjekk første feiring av Show it, ”Ronny Hood og Guds fulle rustning”, av stabelen i Bryne Frikyrkje. Då var det eit halvt år siden me var ferdige med første Show it – ”Trond Cruz og Andens frukt”. Desse familiefeiringene har verkeleg slått an i menigheten vår. Det var derfor heilt naturleg å skulle ta fatt på ei ny runde med denne flotte undervisningsserien.
Show it er ein annleis familiegudsteneste der målet er å samla foreldre og born til felles undervisning om viktige og aktuelle tema. Samlingene er lagt opp på borna sine premiss ved bruk av film, drama, dans og sang. Show it henvender seg til born og med eit godt auge til gutane. Ein ridder i ein ridderborg treff gutane på ein særs god måte.
Mange hjelpemiddel vert brukt for å formidle budskapet. Kulisser, kostymer og ikkje minst humor gjer at budskapet treff menneske i alle aldre. Me opplever at også vaksne prioriterer desse samlingene fordi her vert budskapet formidla på ein enkel og oppklarande måte. At bibelundervisninga er grundig, er me einig i. Her råder ingen tvil om kva det vil sei å kle seg i Guds fulle rustning.
Dei to som har hatt hovudrollene i Show it er vaksne. Elles har dei fleste andre aktørane vore born og ungdom. Alt har sitt utspring i kyrkja sitt Soul Children kor. Der henter me forsangarar, teknikarar, skodespelarar og hjelp til praktiske oppgåver. Koret har òg vore med og gleda oss med sin korsong på kvar samling. Dette samarbeidet har vore fruktbart. Det er ein iver i gruppa som me ikkje har opplevd tidlegare.
Dei søndagane me har feira Show it har me hatt fullt hus. Mange har funne vegen til kyrkja desse søndagane kl 11. Talet på besøkande er det doble av kva me greier å samla på ein vanleg gudsteneste. Det er gledeleg! Me trur at dette er midt i blinken for familiar som ønskjer å oppleve noko saman. Det at foreldre og barn får høyra Guds ord forkynt saman, gjer det lettare å drive ”tru på heimebane”. Når dei i tillegg får ein dvd med seg heim, ligg alt til rette for at familiane skal få glede av dette ut over den eine timen med undervisning.
Me i Bryne Frikyrkje er glad for alle velsigningane me har hausta i løpet av tida med førebuing og gjennomføring av Show it. Det har kosta oss mykje tid og krefter, men når me ser og opplever kva det gjev av frukt, er me berre takknemlege og glade.
Hilde Merete Viste, familiearbeidar i Bryne Frikyrkje








