Bryne-ungdommer til musikkverksted

PROSJEKTBLOGG – MUSIKKVERKSTED AUGUST 2011


I august sende Bryne Frikyrkje to ungdommar til Viken Folkehøyskole for å delta på årets Musikkverksted. Begge ungdommane har til vanleg teneste i menigheten. Den eine har teneste som forsangar og dirigentassistent, medan den andre har ansvar for lyd og teknikk i Bryne Soul Children og på familiegudstenestar.

Her får du høyre deira opplevingar frå kurset.


Anna Kirstine:

Måndag 8. august kom eg og Andreas i halvsøvne til perrongen på Bryne for å ta morgontoget til Oslo og vidare til Gjøvik. Vi skulle nemleg på Musikkverksted på Viken fhs, som Acta arrangerar for ungdommar frå 15 år og oppover. Andreas hadde meldt seg på lydteknikk som hovudfordjupning medan eg hadde vald vokal og lovsangsledelse. Ein kunne også melde seg på piano, bass, gitar, trommer, korledelse og dans. Vi hadde gleda oss lenge til dette og det var ikkje utan grunn. Tilsaman var det 86 energiske og glade deltakarar pluss ein gjeng endå meir energiske og gladare leiarar, noko som berre måtte resultere i ei vannvittig "jille" veke. Veka gjekk i eitt med program heile dagen. Det innebar t.d. individuell og gruppeundervisning, teoretiske og praktiske delar innanfor hovedfordjupning, konkrete tips til repertoar, øving og lokalt arbeid, bibeltimar og samtalegrupper, lovsangskveld med forbønn og bønnevandring. Vi måtte vere med på minst eit seminar for å få kurset godkjend. Her kunne vi velge mellom det å våge å seie nei i menigheten, viktige verktøy for å kunne skrive ned musikk ein ikkje har noter på, og det å skrive songar. Siste kvelden fekk alle synt seg fram på scenen og bak miksepulten. Det er utruleg kor gode ungdommane kan verta i løpet av nokre få dagar! Eg og Andreas var nok ganske trøtte då vi kom heim, men i bagasjen hadde vi med oss ei sterkare tru, mykje glede, vennskap, erfaring og kunnskap. Vi anbefalar absolutt folk til å reise til neste år.

Andreas:

Musikkverksted var eit kurs med full fres frå morgon til kveld med seminarar, undervisning i hovudinstrument og sjølvsagt var det masse bra møter. På toppen av alt var det masse sosiale leikar, konserter og sosiale kvelder.

Lydteknikk var eit eneståande kurs med instruktør Bernt Austad som, med stor kompetanse i faget, lærte bort mange triks. Vi fekk òg lære om korleis ting er bygd opp frå botnen av, slik at vi lettere kan vite kvifor og korleis man kopler opp eit anlegg. Dei tinga eg har lært og erfart her vil eg få bruk for i alle fremtidige jobber eg får som tekniker. Det er nyttige saker som eg har i bakhodet når eg setter opp teknisk utstyr.

Kurset har svart til forventingane mine med stil, og det har gjort det lettare for meg i mitt arbeid som tekniker.